Skreddersydde turar

Fjellområdet rundt Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, er rikt på natur og  kultur, og er eit mekka av høge fjell, djupe dalar og urørt natur. Er du interessert i dagsturar med utgangspunkt i området eller turar over fleire dagar, kan dette organiserast med overnatting på Stigen eller i Fresvik. Om de ynskjer endå meir friheit, kan turar organiserast med telt, eller på hytter i området.  

 

Kven passar skreddersaum for?

Dersom de er ein mindre gjeng eller gruppe( 1-8 pers), som vil på tur for å utforske området, med guide.

Turar kan organiserast på ski, i kajakk, til fots i fjellet, eller kombinasjonar av dette. Saman kan me skreddarsy ein tur til dine interesser og forutsetnader.

Dersom du ynskjer å lufte idear til turar i 2023, så send e-post, eller ring gjerne Brede for å slå av ein prat! 😊

Tlf: 94052580

E-post: brede@stigengard.no